Nyheiter

13.12.2023

Følgebil-tenester

Rennestraum har godkjent bil og utstyr til å kunne ta på seg oppdrag knytta til følgebil-tenester.

20.11.2023

Godkjent dekkverkstad

Rennestraum har tidligare vore mellombels godkjent som dekkverkstad, men arbeidstilsynet har no vedtatt at

Rennestraum er ein godkjent dekkverkstad som kan tilby tenester innan hjulskift. Sjå https://www.arbeidstilsynet.no/godkjenninger/finn-godkjent-bilvask-dekk for status og meir informasjon.

06.11.2023

Ny skjærebrennar

Innkjøp av skjærebrennar med ein svær slangepakke, samt forskjellig utstyr. Med denne kan eg både varme opp og skjære i stål/metall som vil kome godt med under mekanisk arbeid.

28.10.2023

Milwaukee verktøypakke

Rennestraum har investert i ein bunnsolid og handplukka verktøypakke frå Milwaukee. Pakken består av sirkelsag, stikksag, bajonettsag, muttertrekkar, multikuttar, slagskrutrekkar, drill og vinkelslipar.


30.09.2023

Innredning i bil

Fått montert ei Sortimo Globelyst4 innredning i arbeidsbilen. Meget handy med mykje hylleplass, litt skuffeplass og ei solid skrustikke som ein kan trekke ut og rotere. 

15.09.2023

Innkjøp av arbeidsbil

Når ein skal drive bedrift kan det vere greit å ha ein påliteleg, praktisk og driftsikker bil. Valget fall på ein Mercedes Benz Vito. 

Reiste til Gjøvik og fekk på litt reklame rundt om på bilen. 

Lat oss diskutere ditt neste prosjekt.